Peter Andreas Blix

Peter Andreas Blix

av Gaute Losnegård,
2001

Sammendrag

Peter Andreas Blix I strid for vern og vekst Av Rolf Losnegård og Gaute Losnegård Kr 348.00 Peter Andreas Blix (1831-1901) var ein av landets fremste arkitektar og ingeniørar i siste halvdel av 1800-talet, tida då det moderne Norge vart skapt. Men Blix var også ein dyktig kunstnar og ein ivrig talsmann for fortidsminnevernet, og spenninga mellom vekst og vern går som ein raud tråd gjennom livet hans. Blix voks opp i Stavern og Oslo, og budde som vaksen vekselvis i Oslo og Bergen, ei tid i Kongsvinger, men enda sine dagar i Vik i Sogn. Han bygde kanalar, teikna over 50 jernbanestasjonar, fleire hotell, kyrkjer og offentlege bygningar, og endå fleire bustadhus som enno pryder villastrøk, særleg i Bergen. Han restaurerte Håkonshallen og domkyrkja i Bergen, og dreiv arkeologiske utgravingar, m.a. i Gamlebyen i Oslo, i Østfold og på Hedemarken. Mest kjend er han likevel for restaureringa av to gamle mellomalderkyrkjer i Vik i Sogn: Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje. Blix var også grunnleggjar av Den Norske Ingeniør- og Arkitektforening, i dag NIF, og han stod sentralt i Fortidsminneforeininga. Denne boka er ein biografi utanom det vanlege. Dei to forfattarane, far og son, ein dramatikar og ein historikar, levandegjer livet til Peter Blix på kvar sin måte, slik at lesaren sit att med eit samansett og fascinerande bilete av ein fargerik, energisk og raus mann, som har sett mange spor etter seg. Gaute Losnegård (f. 1970) er historikar, og har skrive fleire bøker med lokalhistoriske emne. Rolf Losnegård (f. 1946) er forfattar og dramatikar, og har skrive fleire bøker og kring tjue skodespel, m.a. Kinnaspelet.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?