Skrifter i samling. Bd. 12

Skrifter i samling. Bd. 12

2001

Sammendrag

Brevskriving var for Garborg det fremste middel til samkvem og samband med andre, og i breva opnar han for kjensler og tankar han elles kunne brenne inne med, tru og motløyse, meiningar og mål. Fleire av breva gir òg verdifulle opplysningar om det litterære livet i tida. Dei breva som er tatt med her, er valde ut blant om lag 1400 brev som vi kjenner til. Blant mottakarane kan nemnast Bjørnstjerne Bjørnson, Georg Brandes, Hulda Garborg, Jonas Lie, Ivar Mortensson-Egnund og Amalie Skram. ARNE GARBORG (1851-1924) vart fødd i Time på Jæren og opplevde tidleg krisa som følgde overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Heile livet var han blant dei fremste kulturkritikarane i landet, og var blant dei få som klarte å leve av å skrive. Han høyrer til blant våre fremste romanforfattarar, han var lyrikar og dramatikar, journalist, kritikar, polemikar og mykje meir. Han produserte til saman over to tusen essay og artiklar om litteratur, språk, filosofi, religion og politikk.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?