Sognerosa

Sognerosa

📖 67 %
2024

Sammendrag

Ingeborg Kristine og Lovise vert døypte med nokre vekers mellomrom i Vangsnes kyrkje i Sogn. Den eine vert skriven inn i kyrkjeboka som ægte, medan den andre vert ført inn som uægte. Dette skal få følgjer for dei to som veks opp i eit bygdemiljø prega av konfliktar mellom fastbuande og tilreisande. Det er ei tid med aukande turisme og endringar. Bondekultur med handverk, vevnad og treskjering møter bykultur.

Til dei frodige bygdene kjem også båtbyggjarar frå Hardanger og Kvinnherad. Jentene får merka det yrande livet ved sjøkanten og ved handels- og gjestgjevarstadane.

OM ROMANEN APALGARD

«Fonneland held seg unna alt melodrama, det er livsens lagnad, heil ved og ekte vare heile tida. Ho skriv presist og sanseleg, med musikalsk kjensle for kvart ord og uttrykk personane kan tenkjast å bruka i dei ulike situasjonane eller i tankane.»

Odd W. Surèn i Dag og Tid

«Boka er lekkert skriven, ei rein nyting å lesa. Språket er klårt og smidig, presist og yndefullt, med den ranke ærlegdomen som respekt for realitetar og menneske gjev. Som eit lite stykke fiktiv, men realistisk norsk etterkrigshistorie er romanen både sosiologisk og ikkje minst psykologisk interessant.»

Erik Lodèn i Stavanger Aftenblad

Anmeldelser

dagogtid.no
Boka skildrar bygdelivet rundt førre hundreårsskiftet i Sogn, først på Vangsnes og i Balestrand. Ingeborgs indre liv vekkes til live, og det gir boka levande skildringar og detaljar.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?