Supersmart
Sammendrag
Om smarte dyr, oppfinningar og menneske!
Kva betyr det eigentleg når ein seier at nokon er smart? Og har storleiken på hjernen noko å seie?
I denne boka møter du historiske personar som er kjende for smarte oppfinningar og oppdagingar, mellom andre Albert Einstein, Marie Curie og Leonardo da Vinci. Men det finst også ulike måtar å vere smart på. Ein kan til dømes vere kjensle-smart, altså flink til å forstå korleis andre menneske tenkjer og føler.
Supersmart tek for seg ulike rekordar i det å vere smart. Boka kombinerer tankevekkjande fakta med tøffe illustrasjonar.
Supersmart er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
Les også:
Superrask
Supersterk
Leseland. FAKTA. Nivå 3.