Ta kaka

Ta kaka

av Åse Kongsvik,
2005

Sammendrag

TA KAKA Frå hellebakst til kunstferdige konditorkaker. Frå julekaker til lekre dessertar. Rikhaldige kakebord er tradisjon når noko skal feirast på Vestlandet. TA KAKA serverer for første gong vestlandskakene på eitt brett. Dette er ei norsk kakebok der kakene vert sette inn i ein større kulturhistorisk og geografisk samanheng. TA KAKA er ei reise i tid og rom: vi ser på utviklinga frå dei første enkle bakverk i tidleg mellomalder og fram til dagens moderne kakekunst. Boka er òg ei reise på Vestlandet, frå Egersund i sør til Kristiansund i nord. Kaketradisjonar frå bygd og by er med, ikkje minst frå "kakehovudstaden" Bergen. TA KAKA inneheld kring 200 oppskrifter frå heile Vestlandet og er rikt illustrert. Lat deg inspirere av flotte bilete til spennande kakebakst! Hovudfotograf er Oskar Andersen. Åse Kongsvik (f.1962) driv Henjatunet gardskjøken i Leikanger, der ho serverer festmat med lokale, økologiske råvarer. Kari Støfringsdal (f.1947) er bondekone i Jølster og har sentrale verv i Norges bygdekvinnelag. Ho er utdanna faglærar i husstell, og held mange kurs og føredrag om mat. Åse og Kari har tidlegare skrive bøkene "Fjordamat - Kokeboka for Sogn og Fjordane" og "Alle tiders Fjordamat - til høgtider og merkedagar", begge Selja Forlag. Heidi Brunstad-Øyehaug (f.1962) er lærar ved Høgskulen i Volda, avd. heimkunnskap. Ho har tidlegare skrive boka "Bakebok for mannfolk - og folk flest".

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?