Til rette vedkomande

Til rette vedkomande

av Einar Már Guðmundsson,
2021

Sammendrag

Til rette vedkomande fekk glimrande kritikk da boka vart utgjeven på Island og i Danmark i 2019. I samlingas sju delar oppstår poesien i spenn mellom ljos og mørker, håp og melankoli, humor og alvor, æva og det forgjengelege. Ofte svevar dikta i lufta hos fuglane, men her finst òg plass til det verdslege og konkrete, og til diktarens sosiale engasjement. Dikta er nære, ofte med underfundige glimt av humor, og alltid med eit stort rom for ettertanke. Dette er fyrste gong ei diktsamling av Einar Mar Gudmundsson blir utgjeven på norsk.

Einar Már Gu.mundsson (f.1954) er bland våre store nordiske forfattarar. Han har skrive romanar, noveller og lyrikk, og han er ein av Islands mest populære og internasjonalt anerkjende forfattarar. I 1995 fekk han Nordisk råds litteraturpris for romanen Universets engler. Til rette vedkomande blei gjeve ut i 2019.

Samlinga er gjendikta av Knut Ødegård. Han debuterte som lyrikar i 1967 med Drøymaren, vandraren og kjelda. Sidan har han gjeve ut mange diktsamlingar, blant anna Stephensen-huset og Det blomstra så sinnssjukt. Han har også gjendikta utanlandske dikt til norsk, og hans eigne dikt er gjendikta til fleire språk, 42 i alt. Det siste han har gjeve ut er diktsamlinga Sirkusdirektøren (2019).

Nord er Cappelen Damms gjendiktingsserie for dei beste nordiske diktsamlingane i nyare tid.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?