Trekkje seg attende, snøstrimestilt
Sammendrag
Fjerde bok i den kritikarroste forteljinga om sauebonden og dei tre kjærleikane: Gud, sauene og mannen.
Kven er vi, når vi legg alle korta på bordet for oss sjølve og gjer opp rekneskap? Kan vi finna ro i møte med den vi har blitt, og forteljinga om liva våre?
Trekkje seg attende, snøstrimestilt er den fjerde boka i den kritikarroste krinsen om sauebonden og dei tre kjærleikane: Gud, sauene og mannen. Her møter vi ein forfattar som går seg sjølv nærare etter i saumane enn tidlegare. Boka er eit reflekterande oppgjer med trongen vår til å halde fast ved det gamle og vonde, i brytning med det gode. Kva vel vi å hugse, og korleis konstruerer vi vår eiga historie? Dette er ei lyrisk samling prosatekstar, fortalt med stor kraft og sakrale overtonar.
Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han er pensjonist og bonde, har heile yrkeslivet arbeidd som byråkrat, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Familie: mannen Øystein og sauene Øyfrid, Velaug, Henriette, Kirsten, Gunda, Årolilja, Engel, Tordis, Lindborg, Bodhild og Sindrella Pauline.
Om Finna kyrkjedøra i meg:
[terningkast 5]: «Når siste side er vendt, går du straks tilbake til start og leser boka en gang til.»
FREDRIK WANDRUP, Dagbladet
[terningkast 5]: Å dekke et helt liv i ei bok på noen og seksti sider i en lyrisk drakt, er ikke enkelt. Men Genberg klarer både å skape ei helhetlig fortelling og gjøre den spennende på samme tid.» TOR MARTIN ÅRSETH, Namdalsavisa
«... forfatteren har lyktes svært godt med å åpne dører inn mot hverdagens hellige rom.»
FARTEIN HORGAR, Adressa
Om Å bera nakne nyklar:
[terningkast 5]: «Grandios fortelling om de små tingene i livet.»
TOR MARTIN ÅRSETH, Namdalsavisa
Om alle bøkene, samt Og prosjekta skal bleikne:
[terningkast 5]: «… så vakkert, så skjørt, ømt og samtidig brutalt.»
Vidar Kvalshaug, BOK365
Anmeldelser
«Genberg skriver veldig korte bøker men de rommer alltid så utrolig mye, og som alltid leser jeg tekstene hans flere ganger, akkurat som jeg gjør når jeg leser diktsamlinger.»
