Trollguten og andre dikt

Trollguten og andre dikt

av Jan-Magnus Bruheim,
2018

Sammendrag

Syskenringen

Ei natt då eg låg og drøymde,

drøymde eg om eit band.

Eit band som gjekk over alle

grenser, og alle land.

Ein drøymer så mangt. Men undren

vart eg vel då eg fekk sjå

at dette eg trudde var eit band

tok til å livne - og gå.

Då såg eg tusentals hender

hekta i hop til eit band

som gjekk over alle grenser

og gjekk gjennom alle land.

Det var både ung og gamal,

det var småborn med far og mor.

Dei laga så sterk ein syskenring

som rakk kring den heile jord.

Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk i Gudbrandsdalen var gjennom heile diktarlivet oppteken av å skrive for barn. No er dei mest sentrale og kjære dikta for barn samla i ei utgåve, med nye illustrasjonar av Jens Ivar Kristensen.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?