Tusen elgar i garasjen

Tusen elgar i garasjen

av Sigmund Løvåsen,
📖 100 %
2023

Sammendrag

Sprudlande dikt for barn og vaksne i alle aldrar.

Har du kinesisk jern i blodet? Er det tisset til Jesus du drikk? Er spyfluga glad i spy? Og har du eigentleg Europas største stortå? Dette er nokre av spørsmåla du får eller ikkje får svar på i denne diktsamlinga.

«Tusen elgar i garasjen» tar oss med på ei ferd med ramn og salamander, dinosaurar og flaggermus, rustne traktorar og maur i trusa som

følgjesveinar.

Har du nokon gong ridd på ein daud elg gjennom skogen? Tenkte oss det.

Illustrert av Hilde Hodnefjeld

SANDKASSA

Om sandkassa er noko lite og barnsleg?

Nei, veit du kva. I den kan ein byggje slott, tunellar og store byar.

I den kan ein bake hundre kaker i minuttet.

Katten brukar sandkassa som do, og mauren brukar henne som ferieparadis.

Bygg ein dinosaurpark i sandkassa. Folk kjem frå heile verda for å sjå.

Dei rir på tyrannosaurus rex og diplodocus.

Alt er fryd og gaman heilt til ein meteor kjem frå verdsrommet og utryddar alle.

Frå kjøkenglaset roper mamma at det er middag.

Anmeldelser

barnebokkritikk.no
Tusen elgar i garasjen er ei diktsamling for barn, skriven av Sigmund Løvåsen og illustrert av Hilde Hodnefjeld. Løvåsens dikt er opne og inviterande og presenterer kartlegging av verda med jordnære detaljer. Tematikken frå dei føregående dikta forplantar seg stadig vidare til dei neste.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?