Ungen

Ungen

roman

Formater:InnbundetE-bok
Terningkast 4
Gjennomsnittlig vurdering
Terningkast 4(1 anmeldelse)
Del
2019InnbundetNorsk (nynorsk)ISBN 9788252198522Kopiert!

Sammendrag

Verdien av eit barn

Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo

i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, går konkurs i krakket. Ho får ta inn på Grønland hos Pauline, som ho tidlegare arbeidde med på fabrikken. No er det ikkje arbeid å få, og dei to bestemmer seg for å ta til seg pleiebarn - mot rimeleg betaling. Men når det først og fremst handlar om eiga overleving, hamnar spedbarna ofte i andre rekkje, og følgjene blir alvorlege. Mellom ungane er det likevel ei som Anna knyter seg til. Vesla minner om det ho sjølv hadde i eit tidlegare liv, før ho mista alt.

Basso har skrive ein roman om dei ofte skremmande vilkåra uønskte barn levde under ved hundreårsskiftet i Kristiania. Den viser fram desperasjonen i fattigdommen og kva menneskesyn som kan komme til uttrykk når ein sjølv gjer alt for å overleve. Forteljinga er basert på faktiske hendingar og personar.

Anmeldelser

aftenbladet.no
Terningkast 4
«Oppdikta dramatikk inspirert av verkelege hendingar og personar.»
Les hele anmeldelsen