Ute, langt der ute

Ute, langt der ute

📖 94 %
2021

Sammendrag

I vika langt mot vest, langs haustmørk strand

kjem svanene igjen, eg ser det no.

Dei duvar lydlaust like attmed land

og speglar seg når sjøen stig mot flo.

Eg har sett pina skjera andletstrekk,

eg har sett folk ta avskil utan fred,

høyrt dører smelle, bilar køyre vekk,

men no kjem svanene og slår seg ned.

Det var ei verd, ein kyst, der langt mot nord,

ein slik klar haustdag, vinter var på veg,

eg sat og såg mot botnen av ein fjord

og høyrde vengesus som nærma seg.

Så vart det stille. Det gjekk mange år.

No høyrer eg på nytt at venger slår.

Dikta i "Ute, langt der ute" er sanselege, musikalske og inderlege. Naturens klangar og linjer frå barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. Sjølv om fleire av dikta i denne samlinga er skrivne for mange år sidan, er dei haldne i eit poetisk språk som ikkje blir nedslite av år og alder.

Anmeldelser

dagbladet.no
Han skyr ikke det pompøse, Edvard Hoem. Men det funker. Det funker!
Terningkast 6
nettavisen.no
Med diktsamlinga "Ute, langt der ute" tar Edvard Hoem oss med på noe som minner sterkt om en ferd gjennom livet hans - og til mange av oss andre også.
Terningkast 6
vl.no
Edvard Hoems dikting får oss til å ville bryte ut i allsong. Salmediktaren Edvard Hoem er likevel blant dei minst interne du kan tenke deg, tvert om er han kanskje ein av dei som har nådd lengst ut, der ute. Dikting med rim og rytme har ikkje stått høgast i kurs i den norske poesien dei seinare tiåra.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?