Vårt kjemiske liv

Vårt kjemiske liv

av Unni Eikeseth,
2023

Sammendrag

Bekymrar du deg for kjemikalia du får i deg og vil helst leve eit naturleg liv? Eller er du litt lei av maset om miljøgifter?

«Vårt kjemiske liv» tar for seg dei kjemiske stoffa vi møter på i kvardagen. Mange av dei har utan tvil forbetra verda, men nokre kan også ha biverknader, som å hope seg opp i miljøet eller klusse med hormonsystemet vårt. Miljøgiftene finst overalt, i maten vi et, i drikkeflaska av plast, i hudkremen og sminka, i leiketøy og mobilar, og til og med i klede. Og dei er mistenkt for å gi auka risiko for ei lang rekke helseproblem, frå infertilitet til kreft.

Unni Eikeseth har snakka med forskarar, miljøvernarar og kjemikarar som er opptatt av miljøgifter på ulike måtar. I boka møter du biologen som fann hormonhermande miljøgifter i flaskevatn, miljøvernaren som oppdaga at det blei tilsett fluorstoff i sminke og legen som vil finne ut kvifor jenter kjem tidlegare i puberteten enn før. Boka fortel også historia om kjønnsforvirra purpursniglar, og korleis det førte til eit internasjonalt forbod.

Dette er ei bok for alle som har håp om eit samfunn utan miljøgifter.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?