Voksbarnet

Voksbarnet

av Olga Ravn,
2024

Sammendrag

Poetisk true crime om 1600-talets hekseprosessar

Den ugifte adelskvinna Christenze Kruckow blir skulda for trolldom og må flykta frå Fyn til Nordjylland. I Ålborg finn ho seg til rette i krinsen rundt vakre Maren Kneppis, ei gruppe kvinner som arbeider og festar saman. Men snart blir Christenze innhenta av trolldomsryktet sitt og lyt innsjå at ikkje berre ho, men også dei nye venninnene hennar står i fare for å enda på bålet.

Den sentrale skuldinga mot Christenze rettar seg mot det magiske voksbarnet ho skal ha laga. Det er denne dokka som no tar ordet for å fortelja om skjebnen til desse kvinnene.

Voksbarnet er eit portrett av ein skjør fellesskap, eit innblikk i ein magisk kvardag og ei skremmeleg forteljing om ein hekseprosess basert på ei rekke verkelege hendingar frå 1600-talets Nordjylland.

"Eg er eit barn av bivoks. Og eg er som ei dokke på storleik med underarmen til eit menneske. Ein har forsynt meg med hår og negler frå den personen som skal lida. Eg vart boren av frua mi i 40 veker under høgre armen hennar som var eg eit ekte barn, og voksen vart mjuk av varmen hennar. Til slutt tok ho meg med til ein prest, det var om natta, og kyrkja var mørk og stille, og han døypte meg, voksbarnet. Eg vart ein reiskap. Det var på Nakkebølle gods på Sør-Fyn. Munnen min av voks kan ikkje opnast."

Omsett av Inger Bråtveit.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?