Bokomslag: Menneske og møll

Menneske og møll

roman

Formater:E-bokInnbundet
2021E-bokNorsk (nynorsk)Veil. pris 329,-ISBN 9788234004650Kopiert!

Sammendrag

Om å sleppe fri frå fortida.

Ein dag ringer far til Marianne og spør om ho har lyst på den gamle, rosemåla kista etter

besteforeldra hennar. Dei har ikkje snakka saman på fleire tiår. Han har ikkje eingong

helst på mannen hennar, og han har ikkje vist interesse for barnebarnet Astrid, som no er

vaksen. Likevel reiser Marianne for å hente kista.

Møtet med den aldrande faren blir ikkje det siste. Han er skrøpeleg og klarer ikkje ta

hand om seg sjølv. Den nye kona hans verkar uinteressert. Maktbalansen er rokka ved. No

er det han som er liten og redd og får kjenne på redsla når nattemørket pakkar seg rundt

han. Faren treng Marianne. Motvillig, men pliktoppfyllande, stiller ho opp, og ei mørk

familiehistorie kjem til overflata.

Menneske og møll er ein roman om røter og familieband, om å bli fri frå si eiga fortid.

Kristin Tveiten (f. 1966) kjem frå Seljord. Menneske og møll er den første boka hennar..